Teca AS blir største tekniske totalleverandør i Sunnhordland

Presse

Teca_presemelding_850x560.png

Publisert 25. februar 2022

Selskapa Helle Elecon, KES og TB Sunnhordland slår seg saman til Teca AS og blir eit leiande tverrfagleg miljø mellom Bergen og Stavanger. – Samanslåinga skaper mange positive synergiar. Og sjølv om namnet og profilen er nytt, er folka og den gode kompetansen den same, seier Christer Notland, dagleg leiar i Teca.

Det nye selskapet samlar over 130 års historie og kompetanse, og får nær 200 tilsette.

Det gjer Teca til ein av dei store tverrfaglege leverandørane av tekniske produkt og tenester til bedrifts- og privatmarknaden på Vestlandet – der selskapet har arbeid innan bygg- og anleggsbransjen, industri på sjø og land, fornybar energi, samt private hus og fritidsbustader.

– I Teca har me samla alle tenesteområda frå Helle Elecon, TB Sunnhordland og KES. Konsolideringa gjer oss til ein tydelegare og sterkare aktør i marknaden, både  i Sunnhordland og på resten av Vestlandet. Som eitt Teca lag skal me levera endå betre til våre eksisterande kundar, og samtidig gjera oss attraktive, seier Christer Notland, dagleg leiar for det nye selskapet. Han legg til at Teca er ein av svært få tekniske tenesteleverandørar som tilbyr alle fag til alle typar marknader, noko som gir ein sterk posisjon for å auka oppdragsmengda framover.

Byter lokasjon på Stord
Den tekniske utviklinga går raskt, spesielt i ei tid då energisparing og -effektivisering blir stadig viktigare både for privat- og bedriftskundane. Teca sitt samla produkt- og tenestetilbod gjer den tekniske kvardagen enklare for kundane, gjennom moderne løysingar og rett kompetanse til kvart enkelt oppdrag. Teca skal vera ein gunstig leverandør og samarbeidspartner for oppdragsgjevar, både når det gjeld kvalitet, tidsbruk og økonomi.

Det nye selskapet vil ha lokasjonar på Stord, Bømlo og i Kvinnherad, slik dei tre tidlegare selskapa òg hadde. På Stord flyttar Teca frå Kunnskapshuset i Leirvik til Servicebygget på Heiane, og på Bømlo gjer ein om den noverande butikkverksemda på Bremnes til servicesenter – der ein mellom anna kan bestilla oppdrag og få hjelp.

Teca_850x560.png

Søker fleire tilsette
– Me har no eit samla fag- og arbeidsmiljø med motiverte kollegaer som går inn i ei spennande framtid. Utover våren verkar det som om koronapandemien er på retur, og me er offensive. Oppdragsmengda er aukande, og Teca skal rekruttera fleire medarbeidarar den komande tida. Selskapet søkjer mellom anna prosjektleiarar, VVS-ingeniørar, elektrikarar/automatikarar, serviceteknikarar for ventilasjon og røyrleggarar. I tillegg tilset me i desse dagar om lag 10 lærlingar, då lærlingar er framtida og noko me satsar tungt på, opplyser Christer Notland.

Tilbake til pressemeldinger